Under matfestivalen i Bergen vart vår nyrørde "Lynghonning frå Øygarden" kåra til beste produkt frå land, sjå: www.detnorskemaltid.no.

Lynghonningen er i år av ekstra god kvalitet grunna god bløming i mykje godt vér for både purpur- klokke- og røsslyng.
Med direkte slynging av handskrella lyse honningtavler, god siling og grundig røring, held denne honningen den friske
smaken frå våre kystlyngheier. Klokkelyngen som også gav noko nektar i år, gjev honningen ein spesiell god smak,
og ein mjuk konsistens

Biene prisar "våren"
dobbeltklikk på bildet for å sjå ein liten videosnutt.