Aktuelt i bigarden min

Her ligg bilder og forklaringar på ein del aktiviteter eg driv med i bigarden.
Kursing med museumsbiene på gamle BT. taket i Bergen
No var det såpass brukbart vær at me kunne studere bier og yngel på fyrste praksisdag for dei nye Museumsbirøktarane i Bergen. Uibees kallar dei seg og har faktisk fått tilsegn om støtte til utstyr frå Sparebankstiftelsen til DNB.
Forsegla lynghonning
Delvis forsegla ny lynghonningtavle som er fin som tavlehonning
Rasjonell vokssmelting med damp og senterfugering av kokongrester
Endeleg har eg fått til ei smelteprosess kor eg får svært mykje voks ut av mine mørke rammer. Dampen får eg rikeleg av frå ein dampkjel som vart varma av ein propan-krabbekokar. Etter at kokongene er skaka av rammene i smeltaren, vert dei i tillegg sentrifugert for å få ut ein 1/3del meir voks, som elles hadde vore vanskeleg å fått ut.
Alf Helge Søyland hauster lynghonning
Honninghaust ved Steinsvatnet i Øygarden
Flytetest i rødsprit
skål med vokssmuler som synger til bunns i raudsprit.Biebein og evt. varroa flyter opp.
drypping med oksalsyre
Det kan brukast ei 50ml plastsprøyte til å fordele mellom 25-35ml, 3,2% oksalsyre direkte på biene mellom rammene i høve bistyrke.
rødsprittest
voksnedfall soldes først for døde bier før det helles rødsprit på i ei skål
Parestasjonen vår på Dale i Vaksdal
Her kan de lese om vår parestasjon for Krainer-dronningar som ligg ved gamlevegen mellom Stanghelle og Vaksdal. Denne har me brukt nærast uavbrutt i over 30 år.

Kommentarer (0)

Personlige verktøy
Logg inn