Rasjonell vokssmelting med damp og senterfugering av kokongrester

Endeleg har eg fått til ei smelteprosess kor eg får svært mykje voks ut av mine mørke rammer. Dampen får eg rikeleg av frå ein dampkjel som vart varma av ein propan-krabbekokar. Etter at kokongene er skaka av rammene i smeltaren, vert dei i tillegg sentrifugert for å få ut ein 1/3del meir voks, som elles hadde vore vanskeleg å fått ut.
Rasjonell vokssmelting med damp og senterfugering av kokongrester

Slik ein fin vokskunst blir det når ein sentrifugerar kukonger i ein kraftig honningsentrifuge. Foto: Alf Helge Søyland

Dampvarme rammer klar for skraping

Her har det meste av byggevoksen i tavla smelta og rent ned igjennom silplata i botn på smeltekaret. Då vil kokongrestene falle til kvar side og legge seg oppå rista. Det er lettast å skake/skrape av resten av restene som vert liggande på bunnlista , dersom ein er snar med jobben etter opning av karet. Foto Kristin Skullerud.

Damptanken til Finn Rosvoll

Eg bruker to smeltekar samstundes, slik at eg kan arbeide med skraping og oppfylling i den eine mens det andre smeltekaret får det meste av dampen. Denne runde rustfrie vasstanken har Finn Rosvold laga om til smeltar. Her er listene lagt litt på skrå, slik at voksen lettare renn av rammene.

Bak meg har eg ei kokeplate til å koke opp vatn som eg har i botn av bøttene når eg tapper av den varme voksen. Foto Kristin Skullerud.

Dampkjelen til Finn varma av propan

Me brukar ein relativ rimeleg krappekokar som går på propan. Det er Fin Rosvold som har fått sveisa til dampkjelen som også er laga av ein liten kassert varmtvasstank. Påfylling av vatn gjerast på toppen med ei trakt. Med kuleventilande kan eg styre kva smeltar som skal få damp. F Alf Helge

tapping under smeltekar

Tappekranen for voks ligg rett innanfor inntaket av damp, slik at voksen her alltid held seg flytande. Eg silar direkte med ein rustfri sil oppi ei kont biforbøtte som passer bra til dette. Foto: Alf Helge Søyland.

Sakta avkjøling i jakoporkasser

Den varme voksen vert sett oppi Jakoporkasser for at avkjølinga skal gå seint. Dagen etter kan eg slå ut det brune (honning)-vatnet som ligg under. Foto: Alf Helge Søyland.

Rammehaug til bunting

Når eg får noko ledig stund, bunter eg dei tomme rammene i dette stativet med vanleg hyssing og renneknute, så eg får stramme godt til. Då er dei klar for dypping i varmt kaustiksoda-vatn og høgtrykkspyling. Foto: Alf Helge Søyland

Kommentarer (0)

Personlige verktøy
Logg inn