Dronningavl

parekass

Gode dronningar

Ein triveleg og miljøvenleg birøkt krev aktiv avl på gode dronningar.

I lag med andre entusiastiske birøktarar i Hordaland vert det drive eit profesjonelt dronningavl for å kunne ha lettstelte bifolk som er godlynte og lite svermevillige. Det er ikkje minst viktig når me flytter på kubane og må stole på at dei er til ulempe for nokon på dei ulike bigardar.

Så er det jo så triveleg å stelle snille bier !

finn

Hovudparten av biene mine er Buckfastbier som er resultat av ein spesiell type kryssningsavl  mellom ulike birasar som er gjort stabile ved linjeavl.

Reinpara Buckfastbier har svært roleg gemytt og toler godt å bli kraftige bisamfunn utan å sverme. Dei held også god bistyrke utetter hausten når lyngen blømer og hovudmengden av honning skal samlast inn i kuba.

Bigarden min syter for utvalde dronekuber ( ”snille” hanbier) som vert plassert som ein parestasjon i Samnanger. Hit vert så utvalde ”jomfru”- dronningar plassert for paring i lag med ei handfull  bier i små parekassetter.

Den andre reine rasen bier som vert avla på er Krainer bier. Desse har den gode egenskapen at dei kjem fortare opp i bistyrke tidleg på våren, som er fordel for vandring på pollinering i Hardanger. Avlsmateriale som kjem direkte frå dei beste avlsdronningane til Noregs Birøkterlag, gjev riktytane bifolk som er nesten like snille som Buckfastbiene under trekk på sommaren.

yngel

Dei må elles passast meir på etter midtsommars, så ikkje dronninga stopper opp med egglegginga igjen. Parestasjonen for desse ligg inn mot Dale og er offentleg godkjent til dette bruket der.

 

Avleggare, dronningar og eggtavler kan tingast hjå
Alf Helge Søyland tlf.  971 71 315

Tabell over dei beste dronningar kjem seinare:

Personlige verktøy
Logg inn