![]() |
||||||||||
![]() |
||||||||||
| Her viser litt av utvalet vårt: | Stell av bier på Tvilde, Voss vår/sommaren 2009 | |||||||||
![]() |
Lynghonning frå Sotra og ØygardenLynghonning er vår mest vanlege honning på Vestlandet er frå dei enno opne lyngheia ut mot havet. Desse vert stadig truga av attgroing p.g.a. mindre aktivt bruk med lyngbrenning og beiting av sau. Heldigvis vert det sume stader framleis brent lyng slik at den vert fornya og dermed gjer meir honning. Det spesielle med vår lynghonning er at den til vanleg også inneheld ein del honning frå klokke- og purpurlyng . Riktig rørt er denne honningen finkrystallisert og passe smøremjuk med ein god kraftig lyngsmak. |
|||||||||
![]() |
Sumarhonning frå VossÅrets sommarhonning frå Voss (2009) er truleg meir samansett frå fleire trekkplanter enn tidlegare år. Nektar frå løvetann, bringebær og kløver er truleg viktigast i år, men innslag av annan flora som veks på Voss. Honningen er derfor noko meir smakfull enn den meir reine bringebærhonninga me har fått andre år. |
|||||||||
Lindehonning frå HardangerLindehonninga er frå dei viltveksande lindetrea som veks langs nordsida av Hardangerfjorden frå Ålvik til Folkedal i Granvin. Rik bløming og brukbart vær, gav oss ein del av denne spesielle honninga med karateristisk smak av litt mint. |
||||||||||
Nok ein spesialitet:
|
||||||||||
| Tavlehonning. Biene fyller honningen direkte i spesielle boksar som er klar for servering anten åleine eller f.eks på ost..... | ||||||||||
![]() |
![]() |
|||||||||
| Bie på Sørbøk | ||||||||||