Innhold
 

Årets rammevask unnagjort

Kvart år blir det ein heil del mørke yngelrammer som eg smeltar ut bivoks og vasker klar i forkant av sesongen. Dette sikrar god hygiene både for biene og honningen som berre skal smake den reine nektaren dei samlar.
Årets rammevask unnagjort

Her får eg god hjelp av Filip Simjanoski til å vaske rammer i Kaustik Soda og høytrykkspyling etterpå.

Ca 700 rammer har me fått vaska i dag, mest eigne, men også nokon for andre birøktkollega. Nå skal dei tørkast og luftast før dei vert stramma opp og smelta inn ny byggevoks.

vask av rammer

Her varmer eg Kaustik soda med ein krabbevarmer så voks og kukongrestar vert oppløyst så det kan spylast av med høgtrykkspylar.

Gubben treng kvile både rygg og kne no mens rammene kokar ei stund. f. Kristin Skullerud

Kommentarer (0)

Personlige verktøy
Logg inn