Innhold
 

Bivoksen klar for omsmelting og skraping

No etter 3 dagar damping av vel 500 rammer er voksen klar for skraping og omsmelting av skrapet og den ureine voksen. Rammene bunter eg kryssvis i bunter på 15-17 rammer med 2 plasthyssinger.
Bivoksen klar for omsmelting og skraping

Bivoks etter fyrste tapping frå vel 500rammer . Det som er i bøttene og skuffa er den ekstra voksen som vart pressa ut i sentrifugen. Dei øverste vokskakene i høgre stabel har runne opp i for kald bøtte, og blir derfor kornete. F. Alf Helge

Senterifugen som presser ut resten av voksen

Denne Thomas sentrifugen er stødig og praktisk til å presse ut meir voks av dei varme kokongene rett frå dampsmeltaren. Foto Alf Helge.

Ekstra sil i senterfugesylinder

Inni den originale sylinderen har eg lagt ein ekstra sylinder av ei perforert plate, slik at voksen blir betre "silt". Heile sylinderen putter eg oppi smeltaren samstundes som eg varmer (damper) opp kokongrestene, slik at alt held seg varmt nok til sentrifugeringa. F. Alf Helge

flott voksrand i senterfuge

Når voksen stivnar så snart den blir slynga ut av sylinderen, vert det danna flott mønster ! F. Alf Helge.

Nedgraving

Her graver eg kokogrestene forskriftmessig ned i grønsaksbedet og dekker det med 15-20 cm jord. Då kan eg berre kan finrake til våren og så gulrøtter eller anna utan at biene snuser opp restene med honninglukt. Reknar med kokonger og bibrød (pollenet) vert godsaker for meitemarken, og til slutt god gjødsel /jordforbetring til grønsakene. 

Altså , -sjølv om kokongene er dampa opp mot 100 grader, kan evt. sporar av våre to farlege yngelråte-sjukdommar overleve og smitte til biene om ein legg desse ope for bier når dei byrjar å fly på våren. Alternativt skal desse restene "destruerast" i søppelforbrenninga.  Foto. Alf Helge

klar til vask

Eg samlar opp dei bunta rammene til eg set i gang med kokvask av rammer.

Det er mange som bruker rammene direkte att etter dampinga og reknar med dei er "desinfiserte" nok. Men skal ein vere konsekvent i høve evt. smitte av yngelråte, er det nok best med kokvask med kaustisk soda eller evt Virkon. så det vil eg fortsette å gjere.

Viktig å dekke over dei, så dei ikkje vert blaute av regn og snø.

F. Alf Helge.

 

 

 

Kommentarer (0)

Personlige verktøy
Logg inn