Innhold
 

Bybier i (kaffi)røyken

Eit forsøk med bier på taket over Bergen Kaffebrenneri med stundom røyk frå høvesvis kaffibrenning og ein vedfyrt Pizzaomn, ser ut til å gå bra. No med dei fine soldagane me har no er det full fart på biene og fin utviklingav bifolka. Tanken er å få bier tilbake til sentrum av Bergen utan at nokon treng bli redde over å sjå bikuber på bakkenivå.
Bybier i (kaffi)røyken

Her fyller eg på med rammer frå ei såkalla dronekube som ikkje hadde ei dronning. Så nå står det att 3 kuber på taket. Någårdsparken like bak.

Tanken er å få bier tilbake til sentrum av Bergen utan at nokon treng bli redde over å sjå bikuber på bakkenivå.

Sjølv om Bergen er vel kjent for ekstra mykje regn, er det alltid høgare temperatur i eit urbant område med mykje asfalt og betong. Det vil føre tidlegare utvikling og meir nektar på busker og trær. Bergen er kjent blant birøktarar for at det i gode år er vanleg å få honning frå gatetre av lind som ikkje vert kolla.

Elles er hestekastanje og lønnetre gode tre for biene.

Kommentarer (0)

Personlige verktøy
Logg inn