Innhold
 

Drivforing og pollentilskot

Det er eigentleg litt tidleg å starte med drivforing (sukkerlake) no før det har blitt skikkeleg pollentrekk. Men eg ynskjer å få sterke bifolk til fruktpollinering og treng elles mykje bier tidleg i sesongen. Her ser de korleis eg både kan gje pollendeig og fore med sukkersirup gjennom eit lite hull i plasten.
Drivforing og pollentilskot

Her ser de dei greie plastforkara fylt med vel 1 liter sukkersirup. Ein "karm" laga av ein gamal styroporkasse + litt agrylduk før eg legg på vinterpakningen att, sikrar at bifolket er godt isolert no på i den kalde vårlufta.

Foring med pollendeig

Her ser de ei halv plate kvikkpollen som er dekka med ein stiv plastfolie med eit lite hull omlag der bitømmerhullet treffer. Legg merke til pinnen som skal sikre ein lite biovergang når pollendeiger er eten opp av biene.

Kommentarer (0)

Personlige verktøy
Logg inn