Fyrste gode luftedag for biene

Den fine vårdagen me hadde i dag, 21 februar, lokka biene ut i mange av kubene. No kan me vente at dei snart finn pollen på hassel og snøklokker, så då vil nok dronninga byrja på egglegging.
Fyrste gode luftedag for biene

Biene prisar vårdagen

Det er bra for biene at dei får kome så tidleg ut dersom dei treng tømme seg, men dei søker nok også etter om det kan vere noko pollen å finne.

No kan ein snart tenke på å skifte bunnbrett og legge på plastikk over rammene ,dersom me får meir slike vårdagar. Samtidig må ein no sjekke om nokon av kubene kan vere for lette (for lite fôr), og kan då redde dei med apifonda-deig som ein legg oppå bitømmerhullet og pakker godt oppå.

Personlige verktøy
Logg inn