Innhold
 

Fyrste gode luftedag og blokkvoks til leigepreging

I dag stakk sola fram og lokket ut ein heil del bier på dei fleste kubene. Ein tidleg Krokusart, Crocus sieberi opna seg, men det var ennå for kaldt til biebesøk. Elles har eg pakka over hundre kilo voks men treng endå vel hundre til frå dei som vil selja eller få smelta rammer.
Fyrste gode luftedag og blokkvoks til leigepreging

Våren blir truleg tidleg i år då dei aller tidlegaste krokus, Crocus sieberi opna seg i nokre soltimer allereie 17 februar i år.

 I dei milde dagane med litt sol i byrjinga av sist veke var det mykje bier ute i mange av kubene.  Truleg var dei mest ute og gjorde i frå seg og henta inn vatn.

Bier på fyrste luftetur i 2014

 Her i denne kuba som fekk sol den 17 februar var det veldig mange bier ute. Men truleg for kaldt til at dei fløy lenger lenger vekk for å samle pollen av hassel, som også er tidleg i år.

Under her ser ein vel 100 kg blokkvoks som er skrapa mest mogleg reint reint og pakka i palle for særskilt leigepreging til "Hordalandsk byggevoks" hos Hans Otto Johnsen i Skjeberg. Fleire skal kome med rammer til smelting eller ferdig blokkvoks, slik at me kjem over 500 kg som skal til for å få "eigen" voks tilbake.

Kommentarer (0)

Personlige verktøy
Logg inn