Innhold
 

Isolering med mose !

Denne svært uvanlege tørre og kalde tida me no har hatt i fleire veker, gjer det mogleg å improvisere med isoleringa rundt (driv-)fôrkara på kubene eg ynskjer å sette litt fart på. Når eg ikkje hadde anna for handa, var det berre å nappe litt knusktørr mose rundt kubene, så hadde eg ei perfekt isolering, som det berre er å koste vekk når fôringa er over!
Isolering med mose !

God isolering rundt og over forkar (eller evt. Apifonda-deig)

Vanlegvis brukar eg noko bobleplast, agrylduk,aviser eller ein kassert ullgenser til å legge rundt og over fôrkaret. Dette for å halde fôret og kuba varm no som det ennå er fleire kuldegrader på natta. Mosen, som vanlegvis veks over alt i på steinar og tuer i skogsbotn her i det elles så fuktige vestlandsklima, er no heilt tørr og lett å nappe til det ein treng av ekstra isolasjon.

Til karm ser de ramma av dei tredelte gamle isopor-kassene, som er passe høg til forkaret. Oppå ligg den 5 cm tykke styroporplata som eg ellers har som toppisolering på vinteren og langt ut på forsommaren.

God isolering på toppen

Kommentarer (0)

Personlige verktøy
Logg inn