Innhold
 

Kurs for nye birøktarar i Bergenske birøkterlag

Laurdag 20 april var det i alt 15 nye birøktarar som hadde sin første praksis ute i bigarden her på Milde. For å kunne organisere så mange rundt bikubene delte me oss i 3 grupper med Andreas Kårbø og Chris Aurlien som rettleiarar. Alle fekk på den måten prøve å åpne kuber og sjekke om yngel og dronning var i orden.
Kurs for nye birøktarar i Bergenske birøkterlag

Kursvert Alf Helge Søyland viser og forklarer om kubevekta som nett er satt i drift for sesongen.

 

 

 

Våren har blitt veldig sein i år og når kulden endeleg slapp taket no mot midten av april, vart det avløyst av mange regndagar og for surt til vidare fart i biene. 

Det var blitt lovet sol denne kursdagen, men litt skyer og vind gjorde sitt til at temperaturen såvidt kom over 10 grader. Det var nok til litt trekk på biene og varmt nok til å kikke fort igjennom kubene for å kunne vurdere tilstanden til dei enkelte bifolka.

varme frå Yngelleie

Her viser Chris Aurlien korleis ein kan kjenne varmen frå biklasen som er i gang med yngelleie. denne kuba er relativt svak og berre innvintra på 6 rammer + pakkvegger. Foto: Tomáš Borovjak

 

mykje yngel

Her er det ei tavle med ganske stort yngeleie så tidleg i sesongen, mykje takka aktiv fòring med kvikkpollen og litt sukkerlake, siden april elles har vore så kald med sein utvikling av trekkblomar for biene. Foto: Tomáš Borovjak

Pollenbrød av krokkus

Til høgre her ser ein eit lite lager av pollenbrød av Krokuspollen. Til venstre er det att litt sukkerfor frå innvintringa i haust. Elles er det mest Buckfast"blod" i desse biene med dei guloransje stripene bak vingene. Foto Alf Helge Søyland

 

 

 nina kikker på ramme

Nina med litt for grove hansker til å få godt tak på rammene. Foto: Tomáš Borovjak

 

halvrammer med for

Her er det eit svært svakt bifolk som er sett oppå ei sterk kube med eit tunt brett imellom så det får ekstra varme frå dette. Det er også invintra på halvrammer som nå blir utbytta med to fulle fortavler. Bifolka treng ennå eit par fulle rammer med forrammer før dei kan greie seg med eigensamla honning utetter i mai. Foto: Tomáš Borovjak

safranpollen

"safranpollen" truleg berre frå Mildekrokus som er samla på 2 dagar i den beste pollenfella !  Foto Alf Helge

Notatføring

Litt av øvelsen var å få rutine i notatføring på eigne kort ein kan kjøpe av Honningcentralen.

No var det aktuelt å skrive kor mange yngeltavler det var av total menge rammer. Vidare attverande formengde, gemytt på biene og om dronninga var merka. Foto: Tomáš Borovjak

Kommentarer (0)

Personlige verktøy
Logg inn