Innhold
 

Kurstur for Bergenske til Hardanger

I strålande sol og omgjevne av gule løvetannbakkar hadde bergenske kursdeltakre praksis i våre pollineringskuber midt i fruktbygda Djønno i dag.
Kurstur  for Bergenske til Hardanger

I alt 15 kvitkledde birøktarar som kikka ned i kubene var nok eit litt særsyn for bygefolket på Djønno i dag.

på kikk etter egg

Ein av dei viktigste oppgavene no i mai-juni er å sjekke etter at dronninga legg bra med egg. Det er ein forutsetning for at dronninga produserar nok dronningferomon til alle sine bie-døtre slik at bisamfunnet ikkje skal kome i svermefeber. Egga kan vere vanskeleg å oppdage for ein ny birøkter og spesielt dersom ein har for finmaska bislørnetting. Ein varm dag som i dag med rolege bier, kan ein tillate seg å ta av sløret slik Kristin Hammerås gjer her for sjå betre. (ingen fekk stikk i dag, hverken dei med drakter eller forvitne folk som kom til utan slør.) Foto: Alf Helge S.

dronningcellekopp

Sjølv om det var litt tidleg denne seine våren å finne vanlege svermeceller, hadde eit bifolk byrja å lage til eit par dronningcelle"kopper" som er svært vanleg at biene bygger utan at dette er teikn på svermetrang.  Desse kan ein berre kontrollere etter at det ikkje er lagt egg eller kome larver i for kva ca 10 dag ein no kontrollerar biene. (spesielt for nye birktarar som vil unngå sverming)

Foto: Alf Helge S.

 

Kontroll av yngelrom

Her  vert yngelromma kontrollert for mengde yngel og attverande vinterfor. På denne tida i slutten av mai treng dei fleste bifolk eit ekstra yngelrom (nr. 2), så me sette kasse på desse og flytta opp masksukker-tavla. Foto: Alf Helge S.

Thomas ser på yngelramme

Tomáš Borovjak måtte også ta av sløret for å sjå dei nylagde egga i ei fin nybygget tavle. Foto ?

Flott Yngelramme

Her er ei flott godt "forsegla" yngelramme med ganske få "hull" som her truleg kjem av få homozygote larver som biene vraker når dei blir klekket. Det vil sei at dei genetisk har like kjønnsalleler og derfor ikkje kan bli ei fullverdig bie.

Eit bifolk med slike tette yngeleie som dette har ei effektiv dronning som har stor spreiing av gener frå mange droner som er lite i slekt med denne. Kuba vil bli ei kraftig og god produksjonskube, med er kanskje lite egna til vidare avl, då denne heteroses-effekten kan skyldast ein rasekryssning. Foto: Tomáš Borovjak

Masksukker-påfylling

Her er innskudds-forramma flytta med opp i 2. yngelrom og blir fylt opp med ca 2 kilo masksukker som vidare nødfor på regnværsdager. Foto: Tomáš Borovjak

Alf Helge forteller om pollineringsbirøktr om

Med flott utsyn over brua og Hardangerfjorden inn mot Eidfjord får deltakarene forklart korleis ein flytter (vandrer) inn hit for pollinering og må sende med ein "nistepakke" med masksukker i tilfelle kalde og regnfulle dagar i mai. Foto: Tomáš Borovjak

Birøktarar mot bru

Forvitne turgåare våger seg heilt ned oss kvitkledde skapningar som står bøyd over kubene. her har biene panoramautsikt til Hardangebrua og vidare austover frå flyopningen i kubene. Foto: Tomáš Borovjak

Kommentarer (0)

Personlige verktøy
Logg inn