Innhold
 

Litt pollentrekk 1. mars med sol !

Fyrste marsdag fekk me sol og dei ivrigaste kubene fekk samla litt pollen, truleg krokus og hassel. Då var det tid for å byrja våronna i bigarden med å skifte botnbrett og legge på plastfolie over rammene, då dei no vil starte med litt yngelproduksjon.
Litt pollentrekk 1. mars med sol !

Her kom det nokon bier att med pollensekker på bakbeina i høgre kant av kuba.

No når biene finn pollen ute vil dronninga byrja å legge egg og biene må ete meir for for å få opp temperaturen til ca 35 grader rundt yngelen. Då auker forbruket av foret, og lette kuber kan fort svelte ihjel om ein ikkje passer på.

Enten kan ein sette ned fortavler som er til overs i andre kuber med mykje for, eller så kan ein leggja på  ein apifonda-pose med melisdeig. Denne kan leggjast oppå bitømmerhålet og då må ein legge ei ramme rundt, slik at ein får tette og halde varmen med isoporplata over. - sjå bilder frå vårforinga i fjor lenger nede i bloggen her.

Kommentarer (0)

Personlige verktøy
Logg inn