Innhold
 

Pass på lette kuber

No i mars som biene byrjar med yngelproduksjon kan det minke fort på vinterforet om kubene var litt snaut fora i haust. Her kan du sjå kva biene har teke ned av melisdeig frå ein 2,5kg Apifonda-pakke som vart lagt på i byrjinga av mars
Pass på lette kuber

Her er det berre litt att av melisdeigen i posen.

Denne kuba som var litt for lett allereie i slutten av februar, er ein prøve av dei danske Tapernøye-kubene som har norsk mål. Fordelen slik eg ser det er den litt isolerende dekkplata med det runde holet tilpassa ein rund bitømmer. Over holet kan ein legge apifondia-posen og endåtil litt pollenfor i opningen.

Det isolernede taket som så passer over falsene på kanten, har akkurat passe rom under til den flate Apifondaposen. I tillegg kan ein og putte litt bobleplast rundt foret  om ein vil isolere endå betre. (takplata her nokre luftespalter som elles kan sleppe ut litt kritisk varme no på våren)

pollenerstattning i bitømmerhål

I det nesten 20 cm store hålet i plata, får ein og plass til litt kvikkpollen eller anna pollenfor, før ein legg over Apifondaposen.

Kommentarer (0)

Personlige verktøy
Logg inn