Innhold
 

Pollenfeller sett i drift

No når det fyrste gule pollenet viser seg på selja eg har i tunet er det på høg tid å få venne biene til dei ulike pollenfellene eg brukar for å samle inn dette søte og næringsrike pollenet som eg frys for sal eller eige bruk.
Pollenfeller sett i drift

Dagens fangst av det som ein kan kalle "safranpollen" frå vår Mildekrokus som berre er ein liknande meir hardfør krokusart.

sjakk av pollenfeller

Med litt høgare varme (10-11grader)vart det meir liv (pollentrekk) i kubene som står lunt i solbakken rett nedanfor Fana Folkehøgskule. Pollenfella var satt på kvelden før, så no tek det litt tid før biene blri van med den nye utforminga av inngongen.

tilvenning av pollenefeller

Her er det ein del forvirra bier framfor den gode gamle "utanpå-fella" til høgre. Sjølv om denne vart sett på dagen før, er det nokon bier som bommar på opninga og leiter etter inngongen lenger oppe på kasseveggen. For å venne biene betre til opninga, dreg eg først pollen gitteret halvegs til sida eit par dager, før eg stenger heile inngongen så biene må krype igjenom dei 5 mm hola så dei missar noko av pollenet ned i skuffa under.

Fellea til venstre, er dei eg kaller for "Risnesfellene" som eg har fått av Egil Risnes / Knut Pedersen etter pollenforsøk som vart  gjort her på UiB i -70 åra. Dei har innebygget dobbelt nett som biene må krype igjennom for å komme seg opp til tavlene.

fastskuing av plastfeller

Her sit den sjukemeldte (for både ankel og skulder) og skrur fast dei greske plast-pollene, som elles er vanskeleg å få bitette til våre vanlege PeVe-brett. Derfor skrur eg dei likegodt fast til nokon gamle "Sognabrett" og får dei godt tette med nokre ekstra lister og grå gaffatape.

plastfella frå innsiden

Her ser de lista eg har skrudd på innafor pollengitteret, slik at biene får rett veg inn i den vanlege flyopninga på bunnbrettet. Fordelen med desse plastgittarene er at dei lett kan vippast fram og opp, dei dagar ein vil la biene få fri opning. - Elles er det også dei einaste pollenfellene som er i sal no, trur eg.

dansk plastfelle

Slik er den greske pollenfella festa til eit anna "Vestlandsbrett" laga av Reidar Byrkjeland. Plastaket som då vert festa med gaffatape i øvre kant av det grå botnbrettet, vil då gå litt under 1. kasse, siden desse bretta er er ca 2 cm mindre enn kassen. På det viset held desse botnbretta seg alltid tørre, same kor mykje regn me har.

svenskefella

Dette er ei av "Svenskefellene" eg har fått laga etter teikning i det svenske Bitidningen. Av ein eller anna grunn tek biene fort dette i bruk og missar ein del pollen i nettskuffa som eg drar ut på baksida. Det var helst berre i denne fella som eg kunne hauste det reine krokuspollenet. ca 15 gram denne dagen (12.4).

Hulla med skummgummi er til dronene når dei skal ut i mai. då set eg på korte slanger, som trekkbiene ikkje finn ut av så lett å gå inn att i. Den umalte treflisa øverst kan eg dra ut når eg vil at biene fritt skal kunne gå ut og inn frå (ruske)plata under rammene.

crocuspollen nær

Slik fin farge og reint blir pollenet i svenskefella, då den har ei plate under rammene som hindrar voksrusk å falle direkte ned i pollenskuffa.  Alle foto: Alf Helge eller Kristin.

 

Kommentarer (0)

Personlige verktøy
Logg inn