Innhold
 

Pollenfest i tidleg Rhododendron

I dag kunne både folk og bier føle eit gløtt av sol og vårvarme her på Milde samstundes som det snødde på Ulrikken og sludda elles i Bergensdalen. Ein av dei tidlege Rhododendronbuskene opna blomeknoppene og dermed var det full summing i heile busken, meir enn på seljetrea som elles står gule av pollen no.
Pollenfest i tidleg Rhododendron

Biene var mest interesert i det kvite pollenet på denne Rhod. oredoxa som blømet godt i dag. Nektaren som ein ser som ein drope lengst inne , brydde dei seg mindre om. f. Alf Helge Søyland

Desse tidlege Rhododendron-artene som blømar no i april pleier alltid vere attraktive for biene. Seinare i mai når meir vanlege sorter blømar og det blir mykje anna å trekke på, så er det berre enkelte sorter med åpne kronblad som ein ser ivrige bier på.

Kommentarer (0)

Personlige verktøy
Logg inn