Innhold
 

Sommerstell på Åstveit

Etter ein fin dag med godt trekk, var både bier og nye birøktarar i godlag når me no sist torsdag kveld hadde praksiskveld i bigarden på Åstveit. Viktige tema no var svermekontroll, utviding av plass og fyrste honninghaust.
Sommerstell på Åstveit

I alt 16 av deltakerene på årets kurs i Bergenske birøkterlag hadde høve å møte. Her har me kaffipause rettbak kubene som me hadde forstyrra ganske mykje. Slike bier er det kjekt å ha.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

dronningfanging

Når ein skal flytte opp tavler i ny skattekasse, er det stor fordel å fange dronninga

så snart ein oppdager den, så er ein trygg på kor ein har henne. F. Tomáš Borovjak

yngeltavler

Her var det eit flott og tett yngelleie som tyder på god spreiing av kjønnsallelene mellom dronninga og spermiene som dronninga har frå alle dronene den vart para med fyrste året. Blir det like alleler plukker biene ut desse larvene så snart dei vert klekket og det vert eit hull i yngelleiet. Mange slike hull kan tyde på innavl.

Slike yngeltavler kan ein gjerne sette opp i midten av skattekassen, dersom ein etter ei god veke planlegg å lage nye avleggare med para eller upara dronningar. F. Tomáš Borovjak

lågnormalrammer

Her er ei svensk Lågnormal-ramme som eg bruker i lag med dei to vanlege rammemåla me berre har har i Norge. Siden rammene her er ca 3/4 høgd av ei vanleg ramme, vil biene bygge dronebygg i ledig rom under lista i vanleg kasse.  Men best er det å bruke desse rammene i eigne tilpassa kasser, så ein slepp slikt "villbygg". F. Tomáš Borovjak

ope slør

Det er ikkje alltid like greit å ta av og på sløret for å kunne sjå godt med briller. Biene har ein tendens til å krype opp i opningen og komme under sløret. Men dei stikker sjelden slik, då dei helst vil kome seg ut att.

skrelling

 

Vanlegvis reknar ein å kunne hauste honning når 3/4 av tavla er forsegla, men denne kvelden ville me prøve å hauste umoden honning som endåtil skvatt lett ut når ein skaka på ramma. Likevel viste måling av vanninnholdet ned mot 20 % på honningen etter slynging, og då skal den kunne halde seg ganske lang tid utan å gjære. Her skreller eg over eit vanleg "Skrellekar".

slynging 2 rammes

Her prøver me lagets enkle 2-rammes handslynge for å slynge myhøsta rammer "kubevarme". F. Tomáš Borovjak

honning på glas

det vart nok honning så alle kunne få ein liten smaksprøve av kubevarm flytande honning, som truleg er platanløn-honning siden det veks så mykje slike trær i nærleiken. F. Jaenette K. Roel

Kommentarer (0)

Personlige verktøy
Logg inn