Innhold
 

Tidleg kassepåsett i Hardanger

Sommarvarmen og bløminga me hadde no allereie siste veka i april, gjorde det naudsynt å sette på halvkasser allereie ei veke etter innkøyringa på fruktpollineringa. I strålande varm sol med full morellbløming fekk praktikant Sofia frå Wales ein fin oppleving av nøgde bier og Hardanger på sitt beste.
Tidleg kassepåsett i Hardanger

Sofia flytter opp lyse tavler det allereie var kome honning i

bie på morellblom

Biene frå ei kube me flytta til Vikane var ikkje seine om å gå på både morellblom og løvetann. F. Eige

Løvetannparadis på Vikane

Ei slik gul eng ein varm soldag er gild både for røkter og biene. f. eige

Fyring av røykpuster

Litt røyk er greit å ha i bakhand om nokon av kubene  skulle vere meir urolege. Fjellet Oksen i bakgrunnen.

dobbel 22 dronningskube ahs

Her lager eg til 2. yngelrom med delevegg for ei Todronningkube. foto Sofia

Apifonda

Det danske Tappernøje-toppbrettet og topplokk med plass til fòret, isolerar godt no på våren. f. Eige

Kommentarer (0)

Personlige verktøy
Logg inn