"Utvintring" av alle kuber
Det er enklast å bytte over på eit nytt reingjort botnbrett. Døde bier blir skrapa opp ein kasse og bretta blir lett flambert med eit gassbluss
Denne vinteren har vore mild og kort for biene, så med finveret me fekk no i byrjinga av mars, vil biene nå vere i god kondisjon til å starte ny sesong. Når det nå kjem pollen inn i kuba, starter dronninga med egglegging og ein kan kjenne at biene hever temperaturen i biklasen.
Varme blir gjerne minimumsfaktor når yngelleie blir utvida, derfor hjelper det godt å legge ein plastfolie over rammene.