Innhold
 

Vekta montert på kube i Hardanger

No er kubevekta montert under ei god kube på Lutro i Sørfjorden. Me fekk sjekka alle våre 58 kuber som er i full gong med pollinering av plommer og moreller no.
Vekta montert på kube i Hardanger

Biene våre var flittige i plommeblomen

Både våren og biene er litt treg i år, så det var berre naudsynt å sette på ein halv kasse på halvparten av kubene no, så får me gje dei meir plass når det blir meir varme og meir nye bier.

Nå kan alle sjekke her kva vekta på Lutro endrar seg 5 gonger om dagen. du må berre skrolle ned til NO - Lutro - Hardanger, så får de opp endringar som kjem inn på nettsida etter kl. 22 kvar kveld.

Tid for kassepåsett

Filip hjelper til med påsett av kasser på kubene hjå Asbjørn Lutro på Urheim. f. Ahs

Kommentarer (0)

Personlige verktøy
Logg inn