Innhold
 

Bier og blomar ved våre bigarder

Her prøver eg å "blogge" om birøkt og bieblomar etterkvart som gjeremål og utvikling skjer i kuber og naturen. På kvart innlegg kan du no skrive ein kommentar som eg evt. skal prøve å svare på så snart eg får stunder.

   Bie på Plomme-nedre Børve

Biene fann fort veien til plommeblomen etter utsetting ved fjorkanten på Nedre Børve 20 april. Foto: eige

Sommerstell på Åstveit

Sommerstell på Åstveit

Etter ein fin dag med godt trekk, var både bier og nye birøktarar i godlag når me no sist torsdag kveld hadde praksiskveld i bigarden på Åstveit. Viktige tema no var svermekontroll, utviding av plass og fyrste honninghaust.

Les mer…

Dronemasakre og dronningceller

Dronemasakre og dronningceller

No er eg i gong med dronningavlen og dei fyrste 12 dronningcellene var klar for klekkeskap 5 dager etter fyrste omlarving i år. Elles har dronene blitt store nok til at ein kan pirke dei ut for å sjekke om dei har varroa.beste reidskap er då ein skrellegaffel som ein spidder dei ut på.

Les mer…

Kurstur  for Bergenske til Hardanger

Kurstur for Bergenske til Hardanger

I strålande sol og omgjevne av gule løvetannbakkar hadde bergenske kursdeltakre praksis i våre pollineringskuber midt i fruktbygda Djønno i dag.

Les mer…

Morellblom og kassepåsett i  Hardanger i pinsen

Morellblom og kassepåsett i Hardanger i pinsen

No i helga var tur igjen til pollineringsbiene for å sette på andre yngelrom. Samstundes hadde me litt kurs igjen få vist dette og utviklinga i kuba elles til kursdeltakare i Hardanger. Varmen sette også fart på pollensankinga på Åstveit så no fekk eg nytt lager av fersk (helse)pollen i frysaren.

Les mer…

Fyrste kontroll og praksiskurs i Hardanger

Fyrste kontroll og praksiskurs i Hardanger

Sist onsdag, ei veke etter kubene vart flytta til frukthagane i Hardanger, var det endeleg lova ein varm solrik dag. Normalt skulle det passe å sette på kasse/yngelrom nr 2 på kubene no,men utviklinga på biene var ikkje kome lenger enn at ein kunne fylle opp 1.kasse med 9 eller 10 rammer. Denne utvidinga og yngelutjamning vart vist for kurdeltakare og praktikant Jeanette som nytta si praksisveke i bigardene våre.

Les mer…

Biene på plass i frukthagane i  god tid før bløming

Biene på plass i frukthagane i god tid før bløming

I dag har me fått køyrt biene på pollineringsjobb i Hardanger, i alt 47 kuber på eit lass. Aldri før har eg opplevd så lite blom eller grøne bakkar når me set ut kuber for moreller. Så no kan varmen og godværet berre kome, så kan me kome att med fleire rammer og kasser og sette på når dei treng meir plass. Me vil og nytta kubane til kurs i praktisk birøkt nye birøkatar i Hardanger.

Les mer…

Pollenfest i tidleg Rhododendron

Pollenfest i tidleg Rhododendron

I dag kunne både folk og bier føle eit gløtt av sol og vårvarme her på Milde samstundes som det snødde på Ulrikken og sludda elles i Bergensdalen. Ein av dei tidlege Rhododendronbuskene opna blomeknoppene og dermed var det full summing i heile busken, meir enn på seljetrea som elles står gule av pollen no.

Les mer…

Kurs for nye birøktarar i Bergenske birøkterlag

Kurs for nye birøktarar i Bergenske birøkterlag

Laurdag 20 april var det i alt 15 nye birøktarar som hadde sin første praksis ute i bigarden her på Milde. For å kunne organisere så mange rundt bikubene delte me oss i 3 grupper med Andreas Kårbø og Chris Aurlien som rettleiarar. Alle fekk på den måten prøve å åpne kuber og sjekke om yngel og dronning var i orden.

Les mer…

Pollenfeller sett i drift

Pollenfeller sett i drift

No når det fyrste gule pollenet viser seg på selja eg har i tunet er det på høg tid å få venne biene til dei ulike pollenfellene eg brukar for å samle inn dette søte og næringsrike pollenet som eg frys for sal eller eige bruk.

Les mer…

Isolering med mose !

Isolering med mose !

Denne svært uvanlege tørre og kalde tida me no har hatt i fleire veker, gjer det mogleg å improvisere med isoleringa rundt (driv-)fôrkara på kubene eg ynskjer å sette litt fart på. Når eg ikkje hadde anna for handa, var det berre å nappe litt knusktørr mose rundt kubene, så hadde eg ei perfekt isolering, som det berre er å koste vekk når fôringa er over!

Les mer…

Maling av kasser og utstyr

Maling av kasser og utstyr

Det fine påskeværet er perfekt til å sitt ute og fikse og male klar biutsyr før sesongen. No får malinga god tid til å tørke og lukte i frå seg, sjølv om eg og brukar oljebasert emaljelakk inni plastkassene.No har eg og fått boret opp ekstra luftehål i avleggarkassene mine og malt dei danske minikassettene.

Les mer…

Drivforing og pollentilskot

Drivforing og pollentilskot

Det er eigentleg litt tidleg å starte med drivforing (sukkerlake) no før det har blitt skikkeleg pollentrekk. Men eg ynskjer å få sterke bifolk til fruktpollinering og treng elles mykje bier tidleg i sesongen. Her ser de korleis eg både kan gje pollendeig og fore med sukkersirup gjennom eit lite hull i plasten.

Les mer…

Pass på lette kuber

Pass på lette kuber

No i mars som biene byrjar med yngelproduksjon kan det minke fort på vinterforet om kubene var litt snaut fora i haust. Her kan du sjå kva biene har teke ned av melisdeig frå ein 2,5kg Apifonda-pakke som vart lagt på i byrjinga av mars

Les mer…

Laging av eige pollen-fôr til vårdriving

Laging av eige pollen-fôr til vårdriving

No når ein har kome midt ut i mars og biene allereie har vore ute og funne litt pollen på krokus og anna, kan det vere fordel å legge på litt pollenform for at dei kan halde liv i den yngelen dei truleg allereie har starta med. Vanlegvis blir det brukt ferdig kvikkpollen til dette, men eg ville bruke opp noko pollen eg hadde samla frå biene i fjor sommar.

Les mer…

Bruk av doseringssprøyte til Oksalsyre drypping

Bruk av doseringssprøyte til Oksalsyre drypping

Her prøver eg ei spesiell doseringssprøyte for å dryppe oksalsyre-oppløsningen på biene.

Les mer…

Leiting etter varroamidd i Kuber på Stend

Leiting etter varroamidd i Kuber på Stend

For å sjekke om det har kome varroamidd i kubene var det demonstrasjon av drypping med oksalsyre i kuber på Stend i dag.

Les mer…

Nød- eller drivforing

Nød- eller drivforing

Har du for lette kuber no i mars, kan du med fordel legge ein pose Apifonda over bitømmeropninga, så har du både sikringsfor og litt driving på vårutviklinga.

Les mer…

Typisk med bunnfall av bier på denne tida

Typisk med bunnfall av bier på denne tida

Her ser du eit av dei nye Danske Tapernøye-bunnbretta som eg prøver ut.

Les mer…

Ny Leppepomade laga av fineste bivoks og honning

Ny Leppepomade laga av fineste bivoks og honning

Me har no laga gode leppepomader av vår fine gule skrellevoks og gode oljer. passe mjuk og god no for tørre lepper no i vinterkulden. Smaker av peppermynte og eukalyptus

Les mer…

"Utvintring" av alle kuber

"Utvintring" av alle kuber

No etter fyrste pollentrekk på krokus 2 mars vil nok dronningene byrja med litt egglegging. Då vil det vere tid for å reingjere botnbrett og legge på plastikk over biklasen, så biene betre kan halde på fukt og varme.

Les mer…

Kommentarer (0)

Personlige verktøy
Logg inn