Bier og kubevekter på plass i Hardanger

Bier og kubevekter på plass i Hardanger

I går, på langfredag fekk me køyrt over 50 kuber på pollineringsjobb i frukthagar i Hardanger. Samstundes har me sett på vekt på 2 kuber, høvesvis Djønno og Lofthus (Lutro). Desse kan alle lese data frå på nordbi.no/veiekuber1 , som kjem inn på nettsida etter kl. 22 kvar dag.
Bier og kubevekter på plass i Hardanger
Her på Djønno står vår eiga elektroniske vekt på same plass som i fjor med utsikt mot hardangerbrua.

Det er svært tidlegå reise med biene, men no står morelltrea fulle med bristeklare blomar, så med finværet som er meldt denne veka, vil det vere mykje som kjem i blom no.

Vektkuba på Djønno, står austvent, så her blir det nok litt kaldere om det er austavind.

Den andre vekta på Lutro, står derimot vestvent langs ein steinmur, så her vert det høgare temperaturar på ettermiddagen.