Fyrste kontroll og praksiskurs i Hardanger

Fyrste kontroll og praksiskurs i Hardanger

Sist onsdag, ei veke etter kubene vart flytta til frukthagane i Hardanger, var det endeleg lova ein varm solrik dag. Normalt skulle det passe å sette på kasse/yngelrom nr 2 på kubene no,men utviklinga på biene var ikkje kome lenger enn at ein kunne fylle opp 1.kasse med 9 eller 10 rammer. Denne utvidinga og yngelutjamning vart vist for kurdeltakare og praktikant Jeanette som nytta si praksisveke i bigardene våre.
Fyrste kontroll og praksiskurs i Hardanger
Så lenge kvitveisen blømer, kan me flytte forsegla yngeltavler med påsittande bier mellom kubene utan at det er fare for kamp mellom biene. Her blømer ei fin rose med kvitveis ved siden av Japanhagen på Milde

Det er alltid godt å få kome tilbake ganske snart etter flytting av bier for å sjekke om alt er i orden med rammer og for i kubene. Elles er det betre å kome att med fleire kasser til å sette på dei kubene som treng yngelrom nr. 2 no på denne tida.

For fyrste gong hadde eg med meg birøkt-praktikant  Jeanette Roel, frå Sogn Jord og hagebrukskule som hjelp i bikubene. Fyrste jobb vart å flytte 6 kuber på Djønno ca 100 meter på grunn av at fyrste plassen skulle verte nytta til anna bruk av ein nabo.

Vanlegvis kan det vere vanskeleg å flytte kuber så korte avstander etter at biene har blitt van med fyrste plass. Heldigvis for dette, hadde det vore smått med trekk fyste veka, så Knut Djønno fekk stengt biene inne kvelden før me kom dit. Me sett då opp små glasplater framom flyopninga etter flyttinga for at biene skulle ta ny orientering på den nye plassen.

Nokre plastvindu frå ein fryser såg ut til å virke bra for å unngå at biene fløy tilbake til fråflytta plass.

Her har biene vent seg til å fly ut og inn frå siden av flyopninga. Vinduene let eg stå forrand til neste gong eg sjekkar kubene. Foto: Jeanette Roel

 

Her kontrollerar me kuber rett ved riksvegen hos Arne Lutro på Lutro. Desverre vart det overskyet og litt regn til kvelden, når me skulle ha fyrste praksis ute i bigarden for hardanger-kurset.

Det vart vist både sterke og svakere bifolk og korleis ein kunne flytte over godt forsegla yngeltavler til svakare kuber for at kubene skal bli meir jamne før neste kasse blir sett på. Alle kubene som vert sendt på pollininering får med seg ei "innskudds-forar" med masksukker. Nokre svakere kuber fekk også litt flytande sukkerlake for å komme fortare opp i bistyrke dette seine året.  Foto: Jeanette Roel

 Her er det øving i å sjå på dei ulike stadier av yngel. spesielt dei små egga kan vere vanskeleg å sjå for nye birøktarar

Her er det Arunas Kenturakis som viser Mantas Titensis kor egga ligg. Foto: Jeanette Roel

Jeanette reinsker seljepollen

Ei av kubene i Hardanger med pollenfelle, hadde fått samla ein del fin fersk seljepollen, som me reinska og pakka for litt sal på Bondens marknad. Jeanette vart også oppglødd over alle dei gode  helsefremmande verknadene som levande fersk pollen har på helsa vår i følge boka til Patrice Percie du Sert. (Fransk pollenekspert som eg har truffet på fleire Apimondi - kongeressar).

Jeanette og Stein Joar i aksjon på Bondens marked

Siste prasisdag fekk me ekstra god hjelp på Bondens marked av både Jeanette og Stein Joar.

Morsame skilt fekk me også laga no !

Kanskje det var dette fine skiltet eller flinke seljarar ? , i allefall vart alt av siste tavle med lynghonning utseldt. Kundene fekk og denne gongen høve til å smake på heilt nyhausta pollen.

Svært nøgde japanske (?) kunder

Tross eit meir regnfull marknad på lenge, vart det godt sal på marknaden. Turistane som no har kome, er somregel ganske interessert i honningprodukter, så ein del av vår honning vart ein smak av vestlandet til fjerne himmelstrøk. Desse japanerene (?) vart svært glade for eit av våre handlenett med gamal logo.    F. Alf Helge