Laging av eige pollen-fôr til vårdriving

Laging av eige pollen-fôr til vårdriving

No når ein har kome midt ut i mars og biene allereie har vore ute og funne litt pollen på krokus og anna, kan det vere fordel å legge på litt pollenform for at dei kan halde liv i den yngelen dei truleg allereie har starta med. Vanlegvis blir det brukt ferdig kvikkpollen til dette, men eg ville bruke opp noko pollen eg hadde samla frå biene i fjor sommar.
Laging av eige pollen-fôr til vårdriving
Her har eg røyrt i saman litt oppvarma silskrap-honning og tørket pollen til ein tjukk deig.

Voksen som eg skraper ut av honning-finsilen er fin til å blande med eigensamla pollen til ein litt sjukk masse. Denne legg eg ein passe porsjon på eit matpapir og legg eit over for å kunne kjevle ut.

Her kjevler eg ut pollendeigen

Eg kjevler deigen ut til ca 20 cm plater som er under 1 cm tjukke, for at dei kan leggjast under bitømmerbrettet.

På same vis kan ein lage eigne pollenkaker om ein får tak på soyamjøl. Men då brukar ein gjerne spesielle oppskrifter som skal gjere deigen meir attraktiv for biene.

 

Ein må gjerene varme litt opp (lyng)honningen før ein elter den i saman med pollenet ca 50/50.

 

Foto: Åshild Søyland

Her ser de råstoffa til deigen. Tørka pollen og Honningvoks frå silskrap. dette kjelver eg ut mellom matpapir og legg direkte oppå rammene på våren.

Her ser de Pollenet frå i fjor og honningskrapet frå silen i haust + ei ferdig kjevla pollenkake

Hakk opp i papiret Her hakker eg litt opp i papiret på siden som skal ligge ned på rammene. Biene vil så ordne resten.

 

Her røyker og skyver biene vekk frå topplista, så ein ikkje klemmer biene med pollenkaka.

Her skyver eg forsiktig biene vekk frå Topp- lista, så eg ikkje klemmer biene med pollenkaka.

 

 

 

Hugs på å legge over plastikk over rammene når ein legg på pollenerstattning

med deigen på plass rett over klasen, legg ein over plastikken att og så bitømmerbrett og isolasjon.