Lynghonning

Lynghonning

Lynghonning frå Sotra med mest nektar frå røsslyng, men også frå purpurlyng og klokkelyng. Honning frå lyng er meir pollenrik enn andre lysare honninger og har derfor meir vitaminer og mineraler. Den har kraftigare smak og er mest antibakteriell.

Lynghonning er vår mest vanlege honning på Vestlandet er frå dei enno opne lyngheia ut mot havet. Desse vert stadig truga av attgroing p.g.a. mindre aktivt bruk med lyngbrenning og beiting av sau.

Heldigvis vert det sume stader framleis brent lyng slik at den vert fornya og dermed gjer meir honning.

Det spesielle med vår lynghonning er at den til vanleg også inneheld ein del honning frå klokke- og purpurlyng .

Riktig rørt er denne honningen finkrystallisert og passe smøremjuk med ein god kraftig lyngsmak.