Våre honningprodukt:

 

Lynghonning frå Sotra og Øygarden

lyng skraa


Lynghonning er vår mest vanlege honning på Vestlandet er frå dei enno opne lyngheia ut mot havet. Desse vert stadig truga av attgroing p.g.a. mindre aktivt bruk med lyngbrenning og beiting av sau.

Heldigvis vert det sume stader framleis brent lyng slik at den vert fornya og dermed gjer meir honning.

Det spesielle med vår lynghonning er at den til vanleg også inneheld ein del honning frå klokke- og purpurlyng .

Riktig rørt er denne honningen finkrystallisert og passe smøremjuk med ein god kraftig lyngsmak.

 

Sumarhonning frå Voss

 ny sumar voss 500g

 

Honninghasusten frå Voss i år (2011) vart ganske skral, men den honningen me greide å hauste vart derimot ganske kvit og er truleg av rein villbringebær. Denne sel me berre i 125g og  250g glas.

 




 

Lindehonning frå Hardanger

lindehonning

 

Lindehonninga er frå dei viltveksande lindetrea som veks langs nordsida av Hardangerfjorden frå Ålvik til Folkedal i Granvin

Rik bløming og varmt opphaldsvær siste veka i juli gav i år (2013) oss igjen ein svært einsarta kvalitet av denne spesielle honningen med karakteristisk smak av litt mint.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Flytande klokkelynghonning

klokke

 

I år (2011), vart det rik bløming på klokke og purpurlyngen som tidleg i juli før røsslyngen. Når me i tillegg fekk høg temperatur så kunne me hauste nokre kilo av den edle klokkelyng-honningen som me elles ikkje får kvart år.

Denne sel me flytande på 125g og 250g. glas og reknar med den er såpass rein at den held seg flytande ei god stund frametter hausten.  Honningen har ein sjeldan god aroma og passer spesielt godt til ost, yoghurt, pannekaker og liknande.

 

Milde spesial:   (Spesialslynga honning)

 

 For kvar sesong får ein ofte unike kombinasjoner av planter som biene henter nektar i frå i høve til bløming, vær og kor kubene vert plassert.

I tillleg blir sommerhonning og lettflytande klokkelyng forsiktig slynga for seg ut av honningtavler på hausten, og denne honningen vil også få mild lyngsmak av litt røsslynghonning som følger med. 

Desse ulike blandingshonningar blir merka med ein etikett med "Milde spesial", då namnet får ein dobbel meining som at honningen er både er mild og er spesialslynga her på Store Milde

                                     

Nok ein spesialitet:

tavlehonservert

 

Tavlehonning. Biene fyller honningen direkte i spesielle boksar som er klar for servering anten åleine eller f.eks på ost.....

 

kvit geito lit

bie sorbok

 

 

Bie på Sørbøk

 

logo dnm
Under matfestivalen i Bergen 2008 vart vår nyrørde "Lynghonning frå Øygarden" kåra til beste produkt frå land, sjå:

www.detnorskemaltid.no.


Lynghonningen vår er til vanleg av ekstra god kvalitet bl. anna grunna mykje fin lyngmark som biene samlar nektar av i Øygarden

Med direkte slynging av handskrella lyse honningtavler, god siling og grundig røring, held denne honningen den friske smaken frå våre kystlyngheier. Klokke og Purpurlyng som det stort sett kvart år gir noko nektar., gjev honningen ein spesiell god smak, og ein mjuk konsistens.