
Årets rammevask unnagjort
Kvart år blir det ein heil del mørke yngelrammer som eg smeltar ut bivoks og vasker klar i forkant av sesongen. Dette sikrar god hygiene både for biene og honningen som berre skal smake den reine nektaren dei samlar.

Ca 700 rammer har me fått vaska i dag, mest eigne, men også nokon for andre birøktkollega. Nå skal dei tørkast og luftast før dei vert stramma opp og smelta inn ny byggevoks.
Her varmer eg Kaustik soda med ein krabbevarmer så voks og kukongrestar vert oppløyst så det kan spylast av med høgtrykkspylar.
Gubben treng kvile både rygg og kne no mens rammene kokar ei stund. f. Kristin Skullerud