Biene på plass i frukthagane i  god tid før bløming

Biene på plass i frukthagane i god tid før bløming

I dag har me fått køyrt biene på pollineringsjobb i Hardanger, i alt 47 kuber på eit lass. Aldri før har eg opplevd så lite blom eller grøne bakkar når me set ut kuber for moreller. Så no kan varmen og godværet berre kome, så kan me kome att med fleire rammer og kasser og sette på når dei treng meir plass. Me vil og nytta kubane til kurs i praktisk birøkt nye birøkatar i Hardanger.
Biene på plass i frukthagane i  god tid før bløming
Når biene skal vidare til Voss i Juni, vonar eg å kunne køyre tilbake over denne brua.

Når biene skal vidare til Voss i Juni, vonar eg å kunne køyre tilbake over denne brua.

Mine Bifolk vert nytta til pollinering både på Djønno - Tjoflott og mellom Ystanes og Lutro mot Lofthus.

Til vanleg byrjar morellene bløminga no omkring 1. mai i tidlege hagar, men i år går det kanskje ennå 14 dagar før det blir noko å gjere for biene i frukttrea. I mellomtida får dei leve på selja som no står gul av pollen i liane. 

Grunnen til at me frå Ytre Hordaland må vere inne så tidleg med kubene sjølv utan fruktblom, er ein generell frist (1. mai) i høve hindring av pærebrannsmitte frå bulkemispelplanter til pære og epletrær i våre fruktdistrikt. (i år kan ein søke mattilsynet om utsatt frist til 6.mai p.g.a. den seine våren)

Djønno

Viktig å notere kubenummer for kvar plass. Her får ein god plass bak kubene for stell og kort veg til bil. Foto Anders Søyland

Kubevekta vår 2013

Eg merkar kubene med plastremser kor opplysningar om dronninga er skrive ut frå rader på exel-ark på laserskriver. Desse held seg like bra i meir enn ein sesong. Flyttar eg vekk dronninga til ein annan kasse, skrur eg berre ut remsa og fester den på den nye kassen. Foto Anders Søyland

Kuber hjå  Per på Tjoflot

Her vert ei kube plassert i ein plommehage kor Rivers-plommene ikkje vil gje skikkeleg avling. Denne bratte sørvendte lia hos Per Halsteinsgard på Tjoflot, vert rekna som den tidlegaste plassen i Hardanger. Foto Anders Søyland

Opning av Kuber

Viktig å huske på å opne kubene , før ein haster avgarde til neste frukthage. Eg brukar alltig godt med stein på kubene, då eg vil spare dei gode Quik-banda så dei ikkje morknar i sola.

Den fine muren bak er ei typisk "(stein)tenning" som me kalla det heime i Rogaland. Foto Anders Søyland

Palle for kuber hjå Asblørn Lutro

Her har Asbjørn Lutro laga ein flott plattform til 4 kuber, som ein lett kan gå bak og stelle. me planlegg i tillegg å spikre opp litt vindskjerm. Takka vere god hjelp av Anders og Asbjørn til å bære kuber, kunne eg berre konsentrere meg om notering av kuber og plass. I år med geotagga bilder og gode notater skal eg i allefall finne att alle kubene våre. Foto Anders Søyland