Dronemasakre og dronningceller

Dronemasakre og dronningceller

No er eg i gong med dronningavlen og dei fyrste 12 dronningcellene var klar for klekkeskap 5 dager etter fyrste omlarving i år. Elles har dronene blitt store nok til at ein kan pirke dei ut for å sjekke om dei har varroa.beste reidskap er då ein skrellegaffel som ein spidder dei ut på.
Dronemasakre og dronningceller
Ved første omlarving var ikkje cellebygger fri for open yngel, og då trekker biene ut også nødceller på rammene. Desse du ser her er ikkje så ulik vanlege svermeceller.

Ved første omlarving var ikkje cellebygger fri for open yngel, og då trekker biene ut også nødceller på rammene. Desse du ser her er ikkje så ulik vanlege svermeceller.

Ganske bra tilslag på fyrste omlarving .

Av ca 20 omlarva cellekopper vart det tilslag på 12 fine dronningceller. Det var Chris Aurlien som gjorde omlarvinga for fyrste gong, så dette hadde han tydeleg i genene (han er jo 4 generasjon birøktar frå New Zealand).

droner utprirka

Her har eg pirka ut ein heil del droner frå ei kube på Åstveit, kor me oppdaga varroa for fyrste gong i Hordaland i vinter. Siden varroa-midden føretrekker droneyngel er det lurt å sjekk desse no på våren og skjære vekk denne. Men oksalsyra i januar gjorde truleg god jobb, då eg ikkje oppdaga noko midd endå.