Forsking på mangfald i pollen som biene våre samlar

Forsking på mangfald i pollen som biene våre samlar

I lag med vel 20 andre birøktarar i Norge, er me med på å samle inn og sortere ut ulike farger i pollen som vert samla på bestemte dagar gjennom året. Dette er eit internationalt forskingsprosjekt kor tilsvarende 17 andre land i Europa er med på.
Forsking på mangfald i pollen som biene våre samlar
Her har me prøvd å sortere ut den vanlegaste fargen (salixpollen), sjelden (3-20) og svært sjelden farge på pollenet (1-2 pollenklumper). Dei få blå kan vere frå blåstjerne og det kvite kan vere frå kvitveis. Foto: Eige.

Logoen til pollenprosjektetI alt 9 fastlagte periodar frå 3. april til 18. september skal det samlast pollen i pollenfeller som ein har framom flyopningen eller i botnbrettet.

Me måler opp ca 20 gram pollen samla i kvar av 3 utvalde kuber over ein 3 dagars periode. Så  sorterar me ut dei vanlege og meir sjeldne fargene i kvar prøve og rapporerar inn på ei nettside til prosjektet.

Målet er blant anna å få registrert mangfaldet av blomar (pollen) som biene har tilgjengeleg i ulike områder i Europa. Det er COLOSS (Honey bee research association), som Norges Birøkterlag er med i, som står bak dette prosjektet. Her kan du også lese meir om prosjektet og kva land og institusjonar som er med.

3 prøver a 20gram frå fyrste prøvetaking

Her er det stort sett berre gul-grønt seljepollen frå alle 3 kubene. Men seinare kan fargene på pollenet variere i ulike kuber på same dag. Foto Eige.