
Maling av kasser og utstyr
Det fine påskeværet er perfekt til å sitt ute og fikse og male klar biutsyr før sesongen. No får malinga god tid til å tørke og lukte i frå seg, sjølv om eg og brukar oljebasert emaljelakk inni plastkassene.No har eg og fått boret opp ekstra luftehål i avleggarkassene mine og malt dei danske minikassettene.

Enkle pakkvegger av vraka styroporkasser:
Eg hadde det litt for travelt i Hardanger i fjor vår, så eg gløymte å lukke sidedøra eit par gonger. Resultatet vart nokre kasser som falt ut og lå strødd lang vegen i enkelte delar.
Men desse veggane er for gode å kaste, då ein berre kan reinskjære kantene så den passer ned i ein kasse, og sage litt av høgda. På toppen limar ein på ei tynn ca. 45 mm list som ein held på plass med gaffatape.
Det ekspanderande fugeskummet eg brukte, tyter gjerne litt ut og må reinskjærast når det har størkna.
Avleggar-kassene som er kjøpt i Danmark, har orginalt berre eit lite luftehol i botn, som har kostet meg eit par kvelte avleggare ved flytting. No borar eg eit ekstra større hol og i tillegg vil eg sørge for lufting i dekkplata på toppen.
Det ekstra holet er ca 5 cm, så eg håper det skal vere nok lufting ved flytting.
Her ser de korleis eg no både brukar litt fugeskumm (side eg hadde det for hånda), og 4 skruer til å feste den bitette nettinga. Det orginale holet har eg berre festa nettinga med gaffatape.