
Morellblom og kassepåsett i Hardanger i pinsen

Her er det Svein Helge Ovrid som blir vist dei ulike stadier av yngel som det er viktig å kjenne til som birøkter. Dette er vektkuba som gir melding om tilstanden i kuba 6 gonger i døgnet. Legg også merke til "gramasjene" på anklene mine som er gode å ha om ein skulle gå i ei sint kube med lågsko. Foto Kristin Skullerud
På Vikane var plommene i full blom og biene mine var på jobb. Då har dei truleg flyge minst 1500 meter frå Ulgenes kor eg har dei næraste bikuber . Foto: AhS
Stian Stenberg held på ei lys fin 3/4 ramme (Svensk lågnormal) som eg også har som 3. rammemål (NB. ikkje standard i Norge ). F. Jaenette Roel
Masksukker-ramma vert flytta opp i neste kasse og gjerne erstatta med ei mørkare rammei fyrste yngelrom. Dei fleste rammene her vert likevel truleg smelta etter denne sesongen med ein del ekstra omganger med yngel. I den andre kassen bruker eg dei meir lyse tavlene og elles putter eg som regel 2-3 byggevokstavler i midten, då dei bygger best her kor det er varmast. Dronninga legg så ganske fort yngel i desse midtre lyse tavlene, slik at dei blir passe sterke til den seige lynghonningen seinare i sesongen. Dersom det vert godt honningtrekk kan me flytte opp oppfylte honningtavler i den 3. kassen om 2-3 veker, men då set me dronningitter under denne, slik at dette vert 1. skattekasse. Foto. Jaenette Roel
Her ser me på den mørke elite-dronninga som skal vere reinavla krainer-rase. Den er stilt gratis til disposisjon frå Norges Birøkterlag til dronningavlere her i fylket slik at godt avlmateriale av bier blir lettare spreia rundt til interesserte birøktarar.
Legg merke til kor mykje gult det er på bakroppen til dei fleste biene. Før vart krainer-rasen rekna som einsarta grå-svart men no er det vist ikkje uvanleg at avlspopulasjonen til NB ser ut som Buckfast-kryssningsbier. Men dei gulfarga biene her kan også kome frå ei yngelramme frå ei anna bifolk som me kan ha styrka denne kuba med den 7. mai.
Det er viktig at pollenskuffa har nettingbunn for det fuktige og ferske pollenet. Litt usikker på kva slag planter biene har trekt på, men dei kvite pollenkorna er truleg Kvitveis. Elles er det truleg endå selje og vier + spisslønn og løvetann som var i full blom no i pinsen. F. AhS
Vel 1 kg pollen på 2 dager frå 4 relativt svake kuber er bra, men så var det også badetemperaturar her i Bergen no i pinsen. Dett er før rensing i pollenvifta mi. F. AhS.
Midd som også blir gnidd av biene i fangstfellene. Dei løper fort og skal ikkje vere noko vidare ulempe for biene, men eg må blåse dei vekk frå pollenet som skal i sal som helsetilskudd. F. AHS