Nød- eller drivforing
Har du for lette kuber no i mars, kan du med fordel legge ein pose Apifonda over bitømmeropninga, så har du både sikringsfor og litt driving på vårutviklinga.
Oppå denne Apifondapakken kan du enten bruke dei tilpassa styroportaka som Danskene har laga ekstra rom i til slik drivforing, eller du legg rundt ein passe krage frå ein gamal kasse, litt bobleplast el.l. før du legg over vår norske styroporplate til isolasjon.