
Pollenfest i tidleg Rhododendron
I dag kunne både folk og bier føle eit gløtt av sol og vårvarme her på Milde samstundes som det snødde på Ulrikken og sludda elles i Bergensdalen. Ein av dei tidlege Rhododendronbuskene opna blomeknoppene og dermed var det full summing i heile busken, meir enn på seljetrea som elles står gule av pollen no.

Desse tidlege Rhododendron-artene som blømar no i april pleier alltid vere attraktive for biene. Seinare i mai når meir vanlege sorter blømar og det blir mykje anna å trekke på, så er det berre enkelte sorter med åpne kronblad som ein ser ivrige bier på.