Rekordvarm marsdag  og tidleg pollentrekk

Rekordvarm marsdag og tidleg pollentrekk

Takka vere rekordvarmen me hadde laurdag 29 mars og den tidlege våren har biene allerie kome godt igang med pollentrekk på selja. 16 grader og sol viser fort igjen i mengden av pollen biene klarer å samle i pollenfellene som eg har fått sett ut på dei sterkaste kubane. Fersk seljepollen er truleg det beste pollen ein kan samle for (helse)mat.
Rekordvarm marsdag  og tidleg pollentrekk
Ferdig reinska seljepollen som blir porsjonert ut i 70 grams pizzadipp-beger. Det frysast straks utan tørking for å ta vare på dei gode melkesyrebakteriene som biene konserverar pollenet med. tenk kor mange bier og flyturar biene har hatt for å samle alt

Nettingskuffa under botnbrettfella med dagens fangst

Dagens fangst av seljepollen på den beste kuba i dag, 30. mars som det var litt kjøligare enn rekordvarmen i går som ga meir enn dobbel mengde av dette. Pollenskuffene bør vere luftige av nett og må haustast kvar dag til folkemat. Foto: Alf Helge