Testvertkurs i Søylands biegard på Store Milde

Testvertkurs i Søylands biegard på Store Milde

Friske og fredelege bier som samler bra med pollen og nektar får me ikkje utan å hjelpe til med testing av elitedronningar. No har 8 testvertar frå Vestlandet nett gjennomført eit kurs i lik testvurdering etter kriteriar som det europeiske prosjektet "Smartbees" legg opp til. Dr.Aleksander Uzunov frå bie-istituttet i Kirchhaim i Tyskland kom hit for å lære oss dette.
Testvertkurs i Søylands biegard på Store Milde
Aleksander Uzunov viser oss opning av ei kube som hadde god karakter for tavlefasthet.

Aleksander Uzunov viser oss opning av ei kube som hadde god karakter for tavlefasthet.

Me som blir testverter dette året og to år framover, skal få 15 elitedronningar kvar av enten brune eller krainerbier i sommer. Desse skal me teste over så like tilhøve som mogleg og lærte på dette kurset å ha så lik subjektiv vurdering som mogleg.

Her ligg ei lenke til protokollen for testing til  SMARTBEES prosjektet.

Testvertar og instruktørarar

Bak frå venstre: Aleksander Uzunov, Mona Borgersen (Oslo), Morten Svanes, Onar Westerheim, Sissel Goodgame, Bjørn Dahle (NB), Edvar Kalstø.

Famme frå venstre: Reidar Sekse, Alf Helge Søyland, Sylvi Slettebø og Harold Trellevik. Foto: Filip Simjanoski.

vurdering av bistyrke

Ved å løfte på kassen slik ein ser rammene frå undersiden, er det lettare å vurdere bimengde dersom biene ikkje er for sinte. Smartbees vil berre teste reine lokale raser, så kombinasjonsbier som desse rolege Buckfastbiene me øvde på her,  vil ikkje vere med i dette prosjektet.  Foto.Ahs.

Bier blir vendt i melis
Her viser Bjørn Dahle korleis bier og melis blandast godt i ein plastboks for å teste om biene har varroamidd. f. Ahs

 

Kvite

Biene vert heilt kvite av melisen, mne kan etter testen berre tømmast tilbake i kuba for reinslikking av biesøstrene. F. Ahs

 

Hygienetest av biene

Ved å stikke 100 pupper i rett alder, får ein lett sjekka evna bifolket har til utrensking i prosent etter 24 timer. F- Ahs