Tidleg kassepåsett i Hardanger
Sommarvarmen og bløminga me hadde no allereie siste veka i april, gjorde det naudsynt å sette på halvkasser allereie ei veke etter innkøyringa på fruktpollineringa. I strålande varm sol med full morellbløming fekk praktikant Sofia frå Wales ein fin oppleving av nøgde bier og Hardanger på sitt beste.

Biene frå ei kube me flytta til Vikane var ikkje seine om å gå på både morellblom og løvetann. F. Eige

Ei slik gul eng ein varm soldag er gild både for røkter og biene. f. eige

Litt røyk er greit å ha i bakhand om nokon av kubene skulle vere meir urolege. Fjellet Oksen i bakgrunnen.

Her lager eg til 2. yngelrom med delevegg for ei Todronningkube. foto Sofia

Det danske Tappernøje-toppbrettet og topplokk med plass til fòret, isolerar godt no på våren. f. Eige
