"Utvintring" av alle kuber

"Utvintring" av alle kuber

No etter fyrste pollentrekk på krokus 2 mars vil nok dronningene byrja med litt egglegging. Då vil det vere tid for å reingjere botnbrett og legge på plastikk over biklasen, så biene betre kan halde på fukt og varme.
"Utvintring" av alle kuber
Det er enklast å bytte over på eit nytt reingjort botnbrett. Døde bier blir skrapa opp ein kasse og bretta blir lett flambert med eit gassbluss

Denne vinteren har vore mild og kort for biene, så med finveret me fekk no i byrjinga av mars, vil biene nå vere i god kondisjon til å starte ny sesong. Når det nå kjem pollen inn i kuba, starter dronninga med egglegging og ein kan kjenne at biene hever temperaturen i biklasen.

Varme blir gjerne minimumsfaktor når yngelleie blir utvida,  derfor hjelper  det godt å legge ein plastfolie over rammene.