Vår honningproduksjon:

Kvalitet på vår honning

Med største respekt for biene som samlar den jomfruelege nektar i vår fine Vestlandsflora, er vår intensjon å ta vare på desse edle smakstoffene i honningen fram til dykkar matbord.

Me prøver spesielt å skilja ut dei enkelte honningtypar dersom mogleg , og får dermed fram dei ulike smaksopplevingar i vår honning.

Heile prosessen frå røktinga av biene fram til sal , kan påverke honningkvaliteten

Morken tørr trevirke gir lun røyk

Avl på godlynte bier gjer at me knapt treng bruke røyk i vår røkting. Til røykpustaren blir det berre brukt morken lett ved som gjer minst tjærestoffar m.m. Dette gjer eit godt hygienisk miljø både i kuba og for røktaren.

Våre rolege og svermetrege bier er dessutan normalt ikkje til noko ulempe i dei nærmiljø som bigardane står.

Hyppig skifting (smelting) og vask av våre rammer betyr også mykje for hygienen til bier og honningprodukta våre. Honningen kan elles lett ta smak og farge av mørke og dårleg lagra rammemateriell.

 

Pollinering og vandring (flytting) av biene til ulike trekkplanter

Bikubane overvintrar på Milde og får god start på sesongen med trekk på Mildekrokus og vårlyng i Arboretet og Botanisk hage. Biene syter for viktig pollinering og høyrer med til dei ulike plantemiljø me viser publikum her.

I Gamlehagen og rundt Fana Folkehøgskule er det kvar vår tett med Mildekrokus som biene våre samlar det første pollen på.

Før 1. mai vert ein del av biene flytta til Hardanger for fruktpollinering på søtmorell, plommer og epleblom. Kubene står då på Steinstø, Ytre Ålvik, Djønno-Tjoflot, Ringøy og i frukthager mot Lofthus. Biene får med dette mykje pollen frå fruktblomen og løvetann som ofte veks mellom fruktrekkene. Den fyrste honningen me hauster her får ein flott gyllen farge og er populær som heilt fersk flytande "Vårhonning frå Hardanger"

 

PollineringskuberhosAsbjrnLutroiUllensvangmedOksenfjelletibakgrunnen.jpg

 

Vidare frå Hardanger blir kubene så flytta til Voss i juni for sommartrekk, kor vill bringebær og kvitkløverkan gje bra med fin kvit honning, som me sel som "Sommarhonning frå Voss"

ny sumar voss 500g

Treffer det med godvær straks etter me har "vandrert" med kubene til Voss, får me som regel fyrst eit "vårtrekk" på løvetann også her siden den blømer litt seinare enn langs Hardangerfjorden.

Her er eit bilde frå ei flott eng med løvetann på Voss som biene trekke godt på i soldagar.

Ei flott eng på Voss av Løvetann og engkarse i juni. F. AH. Søyland

 

I juli vert alle biene flytta til Sotra og Øygarden for å samle lynghonning. Dersom ein er tidleg og det treffer med varme dagar i byrjinga av juli, samlar biene først noko klokkelyng-honning før røsslyngen kjem i blom.

Honninghaust ved Steinsvatnet i Øygarden

Sume år vert nokon bikubar også flytta ein kort periode i juli til stader med trær av lind for å samle denne spesielt smakfulle honningen.

Hausting og handsaming av honningen

bomoen

Dei ulike honningtypar vert om mogleg hausta og slynga særskilt for å få fram dei ulike smaksvariantar frå vår flora. Det kan vere ein gul vårhonning som oftast vil innehalde mykje nektar frå løvetann og engkarse. Sume stader kan det også bli ein del honning på lønnetre før hovudtrekket på bringebær startar i midten av juni.

I juli kan ein få trekk på kløver, geitrams og sume år på lind.

Dersom biene vert flytta tidleg nok til kysten og været er varmt nok, kan klokke- og purpurlyng gje ein framifrå flytande honning.

 

Frå slutten av august til ut i september, har me vanlegvis eit hovudtrekk på røsslyng, som gjer oss den velkjente lynghonningen.

Tørking

Når honningen er i kuba er "«moden» ( når biene dekker over honningen med eit vokslag), kan me koste av biene og hauste inn honningrammene. Vanlegvis må all honning her på Vestlandet tørkast noko ekstra på eit oppvarma rom eit par dagar før den er klar til å slyngast.

Dette er svært viktig for at honningen skal kome under ca 20 % i innhald av vatn, for at honningen ikkje seinare skal kome i gjæring.

Delvis forsegla ny lynghonningtavle som er fin som tavlehonning

Slynging

I honningrommet vårt har me ein sjølvsagt regel om å berre bruke lyse reine klede og hovudplagg slik som i ei anna næringsmiddelverksemd.

Alle honningtavler blir først «skrelt» for hand for å sikre at minst mogleg av voks og ev. anna ureining skal følgja med i vidare handsaming av honningen.

For å få ut honningen av rammene brukast ei rustfri slynge.

Lynghonningen som er ekstra geleaktig i rammene, må fyrst «stikkast» opp med ein honningløysar, før den kan slyngast ut.

Etter slynging vert honningen grov og finsilt, slik at mest mogleg voksrestar vert fjerna.

All slynging og siling vert utført med temperaturar mellom 25 og 35 grader på honningen og vil då vere naturleg lettflytande.

Avhenging av honningtype, må ferdig silt honning rørast relativt fort (2 dagar til 2 månader), for å få ein fin krystallisert honning. I denne prosessen kan ein "pode" honningen med ein ekstra fin honning for å same krystallstruktur. Den er den viktigaste prosessen ein gjer for sikre riktig konsistens på honningen.

Det er heile denne direkte prosessen frå slynging til røring som blir kalla «kaldslynga», kor ein eigentleg meinar at ein ikkje treng varme opp honningen meir enn den som var i kuba.

Tapping og lagring på glas

Me har valt å bruke mest berre glas som emballasje til vår honning som sikrar ein lufttett lagring og tenleg bordkrukke. Til vanleg brukar me 6 kanta glas som stablar seg godt og imiterer  cellemønsteret  til  bivoksen.

Når honningen er krystallisert på glasa, vert dei lagra kaldt (helst under 10 grader) og mørkt, og vil då halde seg uendra i mange år.

Flytande nyslynga honning er det derimot viktig å lagre ved romtemperatur for at den skal halde seg blank og flytande lengst mogleg.

Sume honningtypar vil trekke seg litt i saman ved kjølelagring slik at det dannes litt "rimâ" på innsida av glaset . Dette er berre luft og betyr ikkje noko for kvaliteten.

Ofte vil honningen også vere noko marmorert. Dette er berre eit ekstra kvalitetsteikn då de viser at den er tappa seint i krystalliseringsprosessen og sikrar at honningen ikkje vert for hard.

Skulle honningen byrja å gjære hjå dykk på tross av vår lange erfaring og kontroll av  honningrammer og fukt før slynging, vil me gjerne ha tilbakemelding om dette.

Bruksdato og Lot. – nummer

All honning merka etter merkeforskrifta med ein "  Best før dato"  kor me vanlegvis garanterar honningen skal halde seg uendra i minst 3 år frå produksjonsår. Dette føreset mørk og kjølig lagring.

Nyslynga flytande honning er vanskeleg å kunne garantere kor lenge den held seg blank utan å byrja å krystallisere seg sjølv. Men erfaringsmessig så kan sommarhonning krystallisere   allereie etter ein månad. Røsslynghonning etter 1-2 månader og honning med høgt innhald av klokkelyng kan være flytane i eit halvt år eller meir.

Men dersom honningen vert grovkornet, kan de berre smelte krystallane igjen ved å varme honningglaset i vatn som varmar til 45-50 grader.

Lot-nummer viser til â  porsjonsnummer â  for kvar type eller porsjon som blir rørt og tappa og loggført i protokoll.

Tilnærma økologisk honningproduksjon

På same vis som det meste av norsk birøkt og honningproduksjon, er trekkgrunnlaget til våre bigardar frå flora på naturmark. (eks. løvetann, lønn, bringebær, kløver og lyng).

Det blir heller ikkje brukt nokon form for medisinar til biene og ein kan i dag vere ganske trygg for at dei ikkje vert utsett for skadelege plantevernmidlar. Sjølv i frukthagar i Hardanger, er fruktbøndene svært nøye med at bier og andre pollinerande insekt ikkje vert utsett for evt. plantevernmidlar.

Dagens økologiske regelverk tillet no berre vinterfó ret av sukker som må vere av økologisk opphav. Det viktigaste i høve vinterfó ret, er likevel at dette vert oppbrukt av biene om våren og ikkje kjem med i den fyrste honningen som vert hausta på forsommaren.

Men alle områda bikubane står plassert i løpet av sesongen, skal vere registrert og godkjent hovudsakeleg fri for bruk av kunstgjødsel og plantevernmidlar. Dette kravet er lett å dokumentere på våre trekkområder for honningproduksjonen, men p.g.a. vår fyrste bruk av biene til pollinering av morellar, er det vanskeleg å få ei formell debio-godkjenning på vår totale birøkt

I tillegg er det eit klart føremun for kvaliteten på både omgjevnaden og honningen at me berre satsar på lettstelte bier som knapt treng røyk for å stellast.