Aktuelt

Seneste nyhetsoppdateringer.

Ny nettbutikk med Vippsbetaling !

Nå har me fått laga til ny nettbutikk kor du kan tinga våre ulike honningtyper og betale direkte på Vipps når du oppgjev ditt telefon-nr. og adresse. Me kan sende på 2 ulike vekt-priser eller hente heime her på Milde.

Årets rammevask unnagjort

Kvart år blir det ein heil del mørke yngelrammer som eg smeltar ut bivoks og vasker klar i forkant av sesongen. Dette sikrar god hygiene både for biene og honningen som berre skal smake den reine nektaren dei samlar.

Testvertkurs i Søylands biegard på Store Milde

Friske og fredelege bier som samler bra med pollen og nektar får me ikkje utan å hjelpe til med testing av elitedronningar. No har 8 testvertar frå Vestlandet nett gjennomført eit kurs i lik testvurdering etter kriteriar som det europeiske prosjektet "Smartbees" legg opp til. Dr.Aleksander Uzunov frå bie-istituttet i Kirchhaim i Tyskland kom hit for å lære oss dette.

Tidleg kassepåsett i Hardanger

Sommarvarmen og bløminga me hadde no allereie siste veka i april, gjorde det naudsynt å sette på halvkasser allereie ei veke etter innkøyringa på fruktpollineringa. I strålande varm sol med full morellbløming fekk praktikant Sofia frå Wales ein fin oppleving av nøgde bier og Hardanger på sitt beste.

Bier i skulesekken

Bier og humler er ein av aktivitetene på insektsdagane som Universitetsmuseet i Bergen arrangerar no denne veka. Dette er opplegg til den kulturelle skulesekken for ulike klassetrinn. Elevene fekk sjå og halde på levande bier og lære forskjell på pollen og honning som biene samlar frå blomar.

Bier på plommeblom i Kvam

I dag fekk me ut resten av av kubene som skulle på jobb i Kvam. Biene brukte ikkje lang tid for å finne både dei fyrste plommeblomar og løvetannen som stod i full blom langs sjøkanten.

Bybier i (kaffi)røyken

Eit forsøk med bier på taket over Bergen Kaffebrenneri med stundom røyk frå høvesvis kaffibrenning og ein vedfyrt Pizzaomn, ser ut til å gå bra. No med dei fine soldagane me har no er det full fart på biene og fin utviklingav bifolka. Tanken er å få bier tilbake til sentrum av Bergen utan at nokon treng bli redde over å sjå bikuber på bakkenivå.

Bier og kubevekter på plass i Hardanger

I går, på langfredag fekk me køyrt over 50 kuber på pollineringsjobb i frukthagar i Hardanger. Samstundes har me sett på vekt på 2 kuber, høvesvis Djønno og Lofthus (Lutro). Desse kan alle lese data frå på nordbi.no/veiekuber1 , som kjem inn på nettsida etter kl. 22 kvar dag.

Rekordvarm marsdag og tidleg pollentrekk

Takka vere rekordvarmen me hadde laurdag 29 mars og den tidlege våren har biene allerie kome godt igang med pollentrekk på selja. 16 grader og sol viser fort igjen i mengden av pollen biene klarer å samle i pollenfellene som eg har fått sett ut på dei sterkaste kubane. Fersk seljepollen er truleg det beste pollen ein kan samle for (helse)mat.

Litt pollentrekk 1. mars med sol !

Fyrste marsdag fekk me sol og dei ivrigaste kubene fekk samla litt pollen, truleg krokus og hassel. Då var det tid for å byrja våronna i bigarden med å skifte botnbrett og legge på plastfolie over rammene, då dei no vil starte med litt yngelproduksjon.

Sommerstell på Åstveit

Etter ein fin dag med godt trekk, var både bier og nye birøktarar i godlag når me no sist torsdag kveld hadde praksiskveld i bigarden på Åstveit. Viktige tema no var svermekontroll, utviding av plass og fyrste honninghaust.

Dronemasakre og dronningceller

No er eg i gong med dronningavlen og dei fyrste 12 dronningcellene var klar for klekkeskap 5 dager etter fyrste omlarving i år. Elles har dronene blitt store nok til at ein kan pirke dei ut for å sjekke om dei har varroa.beste reidskap er då ein skrellegaffel som ein spidder dei ut på.

Morellblom og kassepåsett i Hardanger i pinsen

No i helga var tur igjen til pollineringsbiene for å sette på andre yngelrom. Samstundes hadde me litt kurs igjen få vist dette og utviklinga i kuba elles til kursdeltakare i Hardanger. Varmen sette også fart på pollensankinga på Åstveit så no fekk eg nytt lager av fersk (helse)pollen i frysaren.

Biene på plass i frukthagane i god tid før bløming

I dag har me fått køyrt biene på pollineringsjobb i Hardanger, i alt 47 kuber på eit lass. Aldri før har eg opplevd så lite blom eller grøne bakkar når me set ut kuber for moreller. Så no kan varmen og godværet berre kome, så kan me kome att med fleire rammer og kasser og sette på når dei treng meir plass. Me vil og nytta kubane til kurs i praktisk birøkt nye birøkatar i Hardanger.

Pollenfest i tidleg Rhododendron

I dag kunne både folk og bier føle eit gløtt av sol og vårvarme her på Milde samstundes som det snødde på Ulrikken og sludda elles i Bergensdalen. Ein av dei tidlege Rhododendronbuskene opna blomeknoppene og dermed var det full summing i heile busken, meir enn på seljetrea som elles står gule av pollen no.

Pollenfeller sett i drift

No når det fyrste gule pollenet viser seg på selja eg har i tunet er det på høg tid å få venne biene til dei ulike pollenfellene eg brukar for å samle inn dette søte og næringsrike pollenet som eg frys for sal eller eige bruk.

Maling av kasser og utstyr

Det fine påskeværet er perfekt til å sitt ute og fikse og male klar biutsyr før sesongen. No får malinga god tid til å tørke og lukte i frå seg, sjølv om eg og brukar oljebasert emaljelakk inni plastkassene.No har eg og fått boret opp ekstra luftehål i avleggarkassene mine og malt dei danske minikassettene.

Pass på lette kuber

No i mars som biene byrjar med yngelproduksjon kan det minke fort på vinterforet om kubene var litt snaut fora i haust. Her kan du sjå kva biene har teke ned av melisdeig frå ein 2,5kg Apifonda-pakke som vart lagt på i byrjinga av mars

Nød- eller drivforing

Har du for lette kuber no i mars, kan du med fordel legge ein pose Apifonda over bitømmeropninga, så har du både sikringsfor og litt driving på vårutviklinga.

"Utvintring" av alle kuber

No etter fyrste pollentrekk på krokus 2 mars vil nok dronningene byrja med litt egglegging. Då vil det vere tid for å reingjere botnbrett og legge på plastikk over biklasen, så biene betre kan halde på fukt og varme.

Tid for vokssmelting

No når biene held seg i ro i vinterklase i kubene er det tid for å dampe ut fin gul bivoks av utskifta mørke vokstavler. Voksen blir levert inn til Honningcentralen for å bli valset ut til ny byggevoks.

Julemarknad på Fisketorget i Bergen

På Bondens marknad i Bergen, som no har flyttet til Fisketorget ved den nye mathallen stille me opp med årets utval av honning no på årets siste julemarknad laurdag 15. desember kl. 10.00 til 16.00.